På laurdag slo mange menneske og bedrifter av lyset i ein time for å markere ”Earth-Hour”. Det var ein symbolhandling for å markere at ein ønskjer å stogga klimaendringane. Eg syns heile aksjonen var bra teit. Me treng ikkje symbolhandlingar for miljøet, me treng verkeleg handling. Eg kunna ha fortalt at folk ønskjer å ta vare på kloden før laurdag. Kvifor skulle dei ikkje? Problemet er at desse haldningane ikkje er representert blant dei som styrer i samfunnet, politikarane og næringslivstoppane.Eg har eit alternativt forslag til å skru av lyset. Kva om vi gjer det slik at det løner seg å vere miljøvennlig. Eit eksempel: Helgen 24.-26. April skal eg i konfirmasjon i Bergen. Flyreisa kostar 800kr og togreisa 1 522kr. Eg vil påstå at eg støttar kampen mot klimaendringane og ønskjer å ta vare på miljøet. Men eg er ikkje villig til å betale dobbelt så mykje for eit dårlegare reisetilbod for det om. Kva viss det hadde vert motsett. At det var dobbelt så dyrt å ta fly som tog. Då hadde eg valt det siste, og det trur eg mange andre og hadde gjort. Eit slik klimatiltak er ikkje vanskeleg og få til. Ein aukar avgiftene på flyreiser og aukar løyvingane til tog.
Den raud-grøne regjeringa har nyleg lagt fram ein nasjonal transportplan. Der brukar dei dobbelt så mykje pengar på veg som på jernbane. Med så dårleg miljøpolitikk forstår eg at ein skrur av lyset og prøver å gjømme seg i mørket.






